Kurs i heilskapleg gardsdrift og regenerativt landbruk

Gjennom to samlingar á tre dagar vil deltakarane lære å bruke planleggings-verktøyet Holistic Management for regenerativt landbruk og heilskapleg drifts-, økonomi- og  beiteplanlegging.


Kurshaldar, Anders Lerberg Kopstad, er utdanna innan agroøkologi. Han og kona har sau, høns og grønsaker og praktiserer Holistic Management på eigen gard. Han er godkjent rettleiar i Holistic management frå Savory Institute. Les meir om Anders og regenerativt landbruk.

Samling 1: 16.–18. januar på Øksnevad vgs på Klepp

Holistic management – grunnlaget og rammeverket for heilskapleg drift og ressursforvaltning i agroøkosystemet.

Lær å ta heilskaplege avgjersler og utvikle din eigen heilskaplege kontekst for betre styring av eigen verksemd. Sett teorien om i praktisk og økonomisk driftsplanlegging.

Samling 2: 5.–7. mars på Øksnevad vgs på Klepp

Heilskaplege driftsplanlegging – økonomi-, gards- og beiteplanlegging, vurdere gardens infrastruktur og skifteplan. Lag deretter ein beiteplan for garden.

Samling 3: dato ikkje satt

Beiteøkologi, lese økosystemprosessar og biologisk overvåking i vekstsesongen.

Praktisk informasjon

Kursa bygger på kvarandre, og du bør delta på alle. Kan du ikkje alle datoane, er det mogleg å delta på kurs ein annan stad i landet. Deltakaravgifta er kr 1 300.- per kurs inkludert lunsj og kaffimat.

Meir informasjon og påmelding innan 2.januar 2020 til Ane Harestad i NLR Rogaland på e-post ,  tlf 94164528.